Forfatter: Hans Kolbein Dahle Målform: Nynorsk Forlag: Landbruksforlaget Antall sider: 170 Pris: 356 kr. ISBN: 9788252928983
Frå trufast slitar til internasjonal sjarmør. Akkurat slik har fjordhesten utvikla seg gjennom dei siste hundre åra.
Her møter du han i tradisjonelt arbeid i landbruket og som imponerande skysshest for dei første turistane til fjordar, fossar og fjell på Vestlandet. Du møter han då han tapte for mekaniseringa i jordbruket og då han reiste seg igjen som den trygge og gode familiehesten, terapeuten og fritidshesten.
Fjordhesten har høg stjerne som nasjonalt symbol. Bli nærare kjend med korleis fjordhesten har utvikla seg frå ein trufast slitar til ein internasjonal sjarmør. I denne boka presenterer forfattaren historia frå den gongen fjordhesten var vanleg i tradisjonelt arbeid i landbruket og fram til i dag då han vert mest brukt som familiehest, terapeut og fritidshest. Boka er utgjeven i samarbeide med Norges Fjordhestlag.