Dyrenett.no
Dyrebutikker Katt Nettbutikker Katt Dyreklinikker Katt Produkter Katt Kattefôr Katteoppdrettere Kattepensjonat
Katt-forside
 Annonser
 Artikler
 Bøker
 Fakta
 Forum
 Kalender
 Klubber
 Linker
 Navn
 Nyheter
 Veterinær
 Ukens Kjæledyr
 Shopping
 Konkurranse
 Søkemotor
 Nyhetsbrev
 DyreKort
 Historier
 Bransjeregister
 Dyrebutikker
 Plakater
 Hjemmesider
Hest Hund Katt Fugl Gnager Fisk Andre
Motta Dyrenett.no
sitt nyhetsbrev:

Spør Heidi om dyr og helse

Katt i slagsmål

Katten min har vore i slagsmål og fekk skada halen sin. Til å begynne med verka det ikkje som om det var så alvorleg, eg var i kontakt med dyrlege og ho sa berre at eg skulle halda katten inne (dette er ein utekatt) i tida framover slik at dekk fekk gro. Fekk også tilsendt antibiotika i flytande form. Etter ei tid tykte eg at det ikkje var noko forbedring så eg fekk ein time til ho og veterinæren undersøkte ho, dopa ho ned og reiv vekk ein del hud/sand/gørr. Då viste det seg at såret som eg før hadde trudd berre var to,tre plassar på halen, gjekk i spiral nedover heile halen. Skar også litt i halen fordi den var svært opphovna ca midt på halen, for å finne ut om det var noko væske i det. Kunne ikkje seie klart om det var noko brudd akkurat på det punktet pga. hevelsen. Ho fekk ei sprøyte med B-vitamin konsentrat og ei med antibiotika, vart bandasjert og sendt heim igjen, med ordre om å å kjøpe ormekur. Det gjorde eg og fekk også antibiotika kur denne gongen i tabelettform i tillegg til fem tabelettar med noko som skulle hjelpe mor hevelsen på halen. Fekk ganske tidleg problem med å få dette i ho, for eg måtte jo blande det i maten hennar, og åt svært lite. Kvar gong eg bytte bandsje byrja ho og blø att (har funne ut i ettertid at eg sikkert gjorde det litt for ofte) Så ein kveld då eg nett hadde bytta bandasje fekk ho av seg bandasjen sjølv (det hadde ho gjort fleire gongar før ôg, og eg vart møtt av eit blodbad på kjøkenet der katten er om natta) og byrja denne gongen å silblø. Ho mjaua og ville ut, medan eg tok ho med meg opp på badet og prøvde å stoppe blødinga. Det ville ikkje slutte og ein skulle ikkje tru at det var så mykje blod i ein liten katt! Til slutt berre la ho seg ned og eg var sikker på at eg kom til å miste ho. Eg skunda meg å ringe til Smådyrklinikken i Odda og fekk nummeret til den som hadde vakt. Snakka med han og fekk beskjed om å komme med ho dagen etterpå. Eg sa til han at eg tvilte på at ho overlevde natta og til slutt vart me einige om å at eg skulle komme med ho. Over telefon hadde denne veterinæren slått fast at me måtte nok amputere halen, men eg overttalte han til å i alle fall sjå på halen før han gjorde noko drastisk. Så han tok av ho bandasjen og dopa ho ned. Han fann då ut at motorikken i halen var fin og at blodet og sjølve halen såg så pass friskt ut at ha kunne la vere å amputere. Gav ho også ei sprøyte med antibiotika sidan eg fortalte at eg ikkje hadde fått i ho noko sjølv. Han bandasjerte igjen og sette på ho krage, stillte forresten spørsmål ved at ikkje den første veterinæren hadde gjort det. Gav meg 5 ml flytande antibiotika som eg skulle gje ho som sprøyte i nakkeskinnet. Kragen hadde eg berre på fyrste dagen då katten var heilt handlingslamma av å ha den på, dreiv berre å sprang på veggen (!) Dessutan var det så mykje teip på bandasjen at ho ikkje klarte få den av. Dette er no i overkant av ei veke sidan og forbedringane har vore store. Ho et godt og har lagt på seg (då eg vog ho hjå veterinæren var ho kun 2,7 kg) det gjekk fint å gje ho sprøyta i nakkeskinnet og eg har berre skifta bandsjen to gonger sidan den gong. det har grodd fint, er kome nytt vev og ny hud. Det eg no stiller spørsmål ved er:  
 
ER det sikkert at ho har fått nok antibiotika? Den siste kuren varte jo berre i fem dagar?  
 
Når er det meiniga ein katt skal ha på seg kragen? Katten min klarte ikkje å ete eller sove med kragen på, og fekk balanseproblemer. sette seg helst i ein krok og glodde inn i veggen.  
 
Eg har no vurdert å ta av bandasjen om nokre dagar UTEN å setje på nokon ny, i og med at det ikkje lenger er noko sår, er det jo heller ikkje noko ho kan slikke opp att? Eller vil ho rive opp att skurvene?  
 
Ho drikk svært lite, har alltid kaldt, reint vatn ståande, men drikka altså svært lite. Kva kjem dette av?  
 
Ho føretrekk å ete kattemat på boks i staden for "tørrfôr", før var det omvendt...kvifor?  
 
Eg skal no flytte på hybel og har planar om å ta katten med meg. Katten er 10 år gamal, og veterinæren sa at det gjekk fint å ha ho som innekatt i og med at ho var så pass gamal. Kva meinar de? (det har gått fint og ha ho inne denne tida ho har vore sjuk  

Skrevet av : Camilla Lothe, 27.07.2000.

Heidi svarer:

Hei Camilla!  
 
Så flink du er til å fortelle hele sykdomshistorien til katten din. Da får jeg et bra bilde av situasjonen her jeg sitter ved PC`n...  
 
Ja, katten din har fått nok AB i første omgang. Ofte er den antibiotikaen vi gir i sprøyteform mye mer konsentrert enn den som lages i pilleform.  
Flott at dere fant en løsning på dette, når hun nektet å spise medisinert mat. Katter er innmari sleipe akkurat der. De fleste eiere må lure i dem pillene sammen med en godbit, eller tvangs- putten den inn gjennom den ene munnviken... Kjedelig opplegg...  
 
Ja, katten din bør gå med kragen når du ikke kan ha den under oppsikt, ellers kan man få en gjentagelse av den reale blødningen igjen. Arrvev har mye blodkar, og dermed kan det lett blø hvis hun klør seg eller "ordner opp" med skorpene selv.  
Såret vil ikke gro pent og det er fare for mange nye AB-kurer og lange uker med krave på - hvis det ikke får gro skikkelig nå!  
Kløing og slikking er helt naturlig for en katt, men IKKE til dens eget beste, derfor må vi mennesker være ekstra bestemte og la dem surre litt rundt med krage - av og til. Dessverre bremser den ned på aktivitetsnivået deres, og ja - de sliter med balansen og synsinntrykkene en stund, men dette bedrer seg. En krage av gjennomsiktig plaster er bedre enn en gråhvit en. Da ser pus gjennom!  
 
Hvis katten din spiser kattemat fra boks, så inneholder denne endel vann. Tørrfór inneholder lite vann, dermed vil katten bli mer tørst.  
Preferanser mht. mat kan endre seg - med lyst, humør og alder.  
 
Lykke til med katt på hybel. Det blir kos for dere begge. Du er en fornuftig dyreeier og følger godt med på kattens adferd og helse - hvis hun skulle vise tegn til mistrivsel, så får du prøve turer i bånd - evt. ta henne med hjem igjen.  

Klikk her for å se oversikten over svar om katt.

Klikk her for å komme tilbake til veterinærsiden.

 

Ukens Kjæledyr
Ukens Kjæledyr
DALBY PILEN
Annonsering på Dyrenett.no
Søk på Dyrenett.no:
 
Annonser
Artikler
Bøker
Linker
Nyheter
Veterinær
Det er 231 spørsmål om katt.
De siste spørsmålene:
Kjønnsmoden?
kva kan eg gjer?
Hoste hos pus
Katten vår sikler.
Løs mave


Copyright © Dyrenett 2000-2018. Ansvarlig redaktør: Svein-Erik Wennberg.
Informasjon om Dyrenett.no. Informasjon om annonsering.
Alt som er skrevet og all grafikk som finnes på disse sidene er beskyttet etter lov om 
opphavsrett til åndsverk. Rettighetshaver er Dyrenett.no og de respektive forfatterne.

Fortell en venn om Dyrenett.no:  

Dyrenett.no - for alle som er glad i dyr! Kjæledyr, Hest, Hund, Katt, Fugl, Kanin, Gnager, Fisk

page hit counter